Referat frå folkemøte om Oppdølsstranda
Ålvundeid grendahus torsdag 28.august 2008 kl. 20.00
Bakgrunn for møtet:
Ras i Oppdølstranda søndag 24.august kl. 20.30. 2 bilar med 3 personar vart treft av raset. Av desse er ein hardt skadd. Etter det har stranda vore stengt og det er sett inn båttransport forbi stranda.
Det er arbeidsgruppa som arbeider for rassikring av Oppdølsstranda som har innkalla til møtet.
Møteleiar: Anders Røkkum.
Gruppa skal delta på møte i Nasjonal rassikringskonferanse i Oslo 9.oktober.
Innledning ved Ivar Hol frå vegvesenet. Han viste bilete frå raset. Han la vekt på at fanggjerdet som er sett opp har redusert skadane i stor grad. Han gjorde også greie for arbeidet som er gjort bl.a med vassbombing frå helikopter for å få ned laus stein.
Slik vegvesenet ser på dette så er det berre lang tunnel som kan løse problemet.
- Er det samanheng med flo og fjøre: Det er ikkje samanheng for steinras, men det er samanheng for snøras.
- Vil gjerdet bli reparert før vegen blir opna? Det blir vurdert.
- Vil saltvatnet ødelegge vegetasjonen som også er med og held steinane på plass. Plantene på Vestlandet er tilpassa salt.
- Blir det midlar til båt: Vegvesenet har ikkje pengar til slikt. Det må kome som eit resultat at politiske vedtak.
- Er det eit reelt alternativ til å opne vegen? Nei ikkje etter mi meining.
- Det er for lite registrert om steinsprang. Det er derfor grunn til å tru at rasfaren er større enn det som kjem fram i registreringar. Meld frå til Mesta eller Statens Vegvesen.
Kåre Ingolf Karlson, geolog frå vegvesenet. Det er fleire sprekkeretningar og heile stranda må reknast som svært rasfarleg.
- På spørsmål om tekniske varslarar svarte han at det er praktisk vanskeleg.
- Ekstra fangnett kan nok fange noko meir, men det er viktig at nettet står nær vegen. Ekstra nett er vanskeleg å sette opp og vil ha liten effekt.
- Vil tunnelsprengning auke faren: Ut frå erfaring vil tunnelsprengning ikkje auke faren.
- Er det muleg forvarsel ved overvåking? Snøras er lettare å varsle enn steinras.
Egil Veddeng (lege) orientete om situasjonen for personen som er alvorleg skadd.
Ordførar Tove Lise Torve i Sunndal kommune orienterte om det politiske arbeidet som har vore gjort, og om politiske møte som er planlagt.
Søknaden om å kjøre med to bussar vart avlsått men klagebehandlinga er no i gang. Økonomi og planutvalget vil gjerne vurdere fleire alternativ i samband med dette.
Kommunestyret vedtok i går å starte planprosessen for ny tunnel i Oppdølsstranda.
Gunnar Olav Furu, plansjef i Sunndal kommune orienterte om planprosessen for tunnelbygginga.
Kristin Sørheim (Tingvoll) frå samferdselsutvalget i fylket var inne på desse momenta:
Få Oppdølsstranda opp på førsteplass på prioriteringslista.
Lufta muligheten for at Hydro og kommunane i området kan vere med på forskuttere midlar til Oppdalsstranda.
Jenny Klinge(Sp) og Bård Hogsrud(Frp) frå samferdelskomiteen på Stortinget understreka at dei vil arbeide for at rassikringspotten kan aukast til 1 milliard pr. år.
Politikarar frå Surnadal og Tingvoll og frå LO støtta fullt ut og vil vere med på å halde trykket oppe.
Ole Anders Andreassen som har fulgt elevane på båten understreka at elevane er svært skeptiske til å kjøre stranda.
Åge Austheim (Fr.P frå Kristiansund) Det trengs ekstraordinære midlar i ein ekstraordinær situasjon.
Korleis ser foreldra på dette med å sende elevane med buss gjennom stranda?
Ulike synspunkt kom fram. Båtskyss, undervisning på Ålvundeid, samarbeid med nabokommunar, men ingen konklusjon på dette.
Konklusjon frå møtet:
Folkemøtet er glad for vedtaket i Sunndal kommunestyre og krev at det blir ekstraordinære bevilgningar til tunnel i Oppdølsstranda, og at båttransport blir opprettholdt inntil vidare.